Vilja du høyra historia Om Trolltindane i Romsdal? Det gjekk seg slik at dei vart te' Da jotnane skulle gifta seg Og brurefølgjet seg på ferda Giftarmålet skulle stå I trollkyrkja som var deira Ved foten av fjellet Romsdalshorn Alle jotnane skulle feira Nokre av jotnane kom langvegs frå Og starta tidleg med festen Ølbollen vandra i ring blant dei Som gjekk på den brurevei Og tida ho blei ikkje lange Tida var gløymd og natta blei lang Dei spøkte og lo og fnisa Dess meir dei supa og lo og song Dei nærma seg umerkeleg krisa Det tura i lag Og natt blei til dag Men med dagslyset kom også sola Det øyeblikk strålane følgjet traff Var det ikkje blant oss her på jorda Ikkje ein jotne held seg på beina Følgjet blei som forsteina Det hjelpte ikkje å verte gal Dei står der den dag i dag